Kveitevals (hvetevals) var tidlegare vanleg å finne i butikkhyllene, og er framleis svært populært til brødbakst i nærområdet vårt. Mylnå var stengd eit par års tid ved årtusenskiftet, og då var det nettopp kveitevals som vart hamstra og frose ned i påvente av nyåpning. Under produksjonen blir kveitekorna først reinsa og avskala i skalmaskina før dei blir ekstra grovt valsa på ein valsestol med glatte valser. Kveitevalsen får ein grov struktur som kan minne litt om havregryn. Det er lite finstoff (finmjøl) i sluttproduktet. Kveitevals vert i hovudsak nytta til bakverk. Grovbrød og grove rundstykke får grov struktur og vert saftige, luftige og gode ved å nytte ein relativt stor del av kveitevals i deigen. Sidan strukturen er såpass grov er kveitevals godt egna til strø/dekor på bakverk. Kveite egnar seg også godt til graut og supper. Volda El. Mylne kjøper matkveite frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. All kveiten vi nyttar er norskprodusert og økologisk dyrka. Kveite (rug, spelt) som blir valsa på denne måten har ord på seg for å ha gode bakeeigenskapar. Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet.