Sammalt Havremjøl Økologisk 1 kg

Sammalt Havremjøl Økologisk 1 kg
Fra Mylnå

Platetørka gir det sammalte havremjølet ein lys brunfarge, god aroma, og ein ”nøtteaktig smak”. Når ein utnyttar 100% av havrekornet vert sluttproduktet fiberrikt, men havremjølet ser likevel relativt finmalt ut, sidan dei store steinmøllene er innstilte på å male fiberfraksjonen til små ”fliser” på opptil 1-2 m.m. Sammalt havremjøl har frå gamalt av blitt brukt til graut, suppe, flatbrød og lefse. I dei seinare åra har havremjølet også blitt brukt i kaker, brødbakst, pannekaker, vafler, sveler, m.m. for å få meir fiber, smak og fylde i slik mat. Bakeri nyttar havremjølet i t.d. spesialbrød, som vassabsorberande middel (kun ca. 7% vatn), og havreloff med opp til 40% sammalt havremjøl ser ut som loff, men inneheld meir kostfiber enn grovbrød. Sammalt havremjøl kan kun produserast ”på gamlemåten”, ved bruk av platetørke og steinkvern. Heile havrekornet (inkl. skal) blir utnytta. Først må det tørkast (”brennast”) på platetørke frå ca. 15% og ned til 7-8% vassinnhald. Etter kjøling vert kornet malt på steinkvern. Varmebehandlinga på platetørka inaktiverer dei feittnedbrytande enzyma (lipase) i havren, slik at den ikkje harsknar ved vidare bearbeiding og lagring. Denne omstendelege prosessen og utstyret er vi i dag truleg åleine om å bruke til kommersiell matmjølproduksjon. Volda El. Mylne kjøper havre frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Det at vi mel på gamaldagse steinkverner, gjer at mjølet kjem lite i kontakt med metall. Det sammalte havremjølet inneheld med andre ord berre naturlege mineral, som mangan, magnesium, jern, fosfor og sink. Sammalt havremjøl utnyttar heile havrekornet. Alle andre havreprodukt er i hovudsak basert på ”skredd havre” , avskala havre, dvs. maling/valsing av havrekjernen, margen. Sidan skalfraksjonen av havren utgjer heile 30-40%, medfører dette at vårt sammale havremjøl får ein kostfiberprosent på 24,5, om lag det doble av tilsv. havreprodukt og sammalt mjøl av andre kornslag. Analyser av havreskalet viser kor mykje protein, feitt , mineral og kostfiber som går tapt når skalet vert fjerna. Nyare forsking (Nofima) viser at mesteparten av antioksidantar og betaglukaner sit i og nær skaldelen på havre (og bygg). Den gamle produksjonsmetoden vår gjer difor havremjølet ekstra sunt og verdifult. Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet. Oppbevaring: Tørt og kjølig, skild frå varer med sterk lukt. Mjølet kan frysast. Sammalt havremjøl er merka med ”best før” 1,5 år frå produksjonsdato. Produktet har utvilsamt betydeleg lengre haldbarheit enn 548 dagar ved kjøleg lagring, men Volda El. Mylne har valt 1,5 år på alle våre mjølprodukt.

Næringsinnhold per 100g

Karbo
47.3g
Fett
6.1g
Protein
9.9g
Sum
280kcal

Tilsetningsstoffer

Havre

Hva gjør allematpriser?

Vi samler inn priser på dagligvarer i Norge. Vi går automatisk gjennom nettbutikker og samler tilbud slik at det blir enkelt å sammenligne priser og utvalg.

Hvis du ønsker å bidra eller har spørsmål kan du ta kontakt på hei@allematpriser.no.

Personvern