Steinmalt speltmjøl m 30% kostfiber blir brukt til bakverk, graut, suppe, m.m. Dette mjølet kan med fordel brukast ein del av i kaker, brødbakst, pannekaker, vaflar, sveler, m.m. for å få meir fiber, smak og fylde i slik mat. Til brødbaking er det viktig å bruke lite gjær og lang hevetid. Vi har lagt ut oppskrifter på forskjellige speltbrød på nettsida, og ved å bytte ut havre med sammalt spelt i oppskrifta "havreloff" kan ein få eit brød med tilnærma loffkonsistens og med større kostfiberinnhald enn grovbrød – ein glimrande måte å få i seg nok fiber, særleg for barn og eldre folk. Speltbrød er særs velegna til reker og skaldyr. Volda El. Mylne kjøper økologisk spelt frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Det at vi mel på gamaldagse steinkverner, gjer at mjølet kjem lite i kontakt med metall. Dette sammalte speltmjølet inneheld med andre ord berre naturlege mineral, som mangan, magnesium, jern, fosfor og sink. Speltmjølet har høgre del av einumetta feittsyrer enn kveite og bygg, og tilsvarande mindre del metta- og fleirumetta feittsyrer. Dette harmonerer godt med anbefalingar frå ”Statens råd for ernæring og aktivitet”. Vi har fått fleire tilbakemeldingar på at steinmalte produkt gir betre bakeeigenskapar. Volda El. Mylne har Debiogodkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet. Produktbeskriving Speltmjølet får ein lys, brun farge. Når ein utnyttar 100% av speltkornet vert sluttproduktet fiberrikt, men mjølet ser likevel relativt finmalt ut, sidan steinkvernene er innstilde på å male fiberfraksjonen til små ”fliser” på opptil 1- 2 mm. Sidan skalfraksjonen av spelten utgjer heile 30-40%, medfører dette at vårt sammale speltmjøl får eit kostfiberinnhald på heile 30%, om lag 3 ganger så mykje som moderne, sammalt mjøl av andre kornslag. Analysene av sammalt speltmjøl vert jamnleg utført ved Eurofins.