Byggmjøl Steinmalt 1 kg

Byggmjøl Steinmalt 1 kg
Fra Mylnå

Steinmalt byggmjøl har ein fin, lys farge og god lukt og smak. Når ein utnyttar 100% av kornet vert sluttproduktet fiberrikt sjølv om byggmjølet ser relativt finmalt ut sidan steinkvernene er innstilte på å male fiberfraksjonen til små ”fliser” på opptil 1-2 mm. Byggen skal vere malt så grov at ein kan rulle mjølet mellom fingertuppane. Byggmjøl (grynmjøl) har frå gamalt av blitt brukt til graut, suppe, blodmat og flatbrød. I dei seinare åra har byggmjølet også blitt brukt til bakverk som ostehorn, brød og pannekaker, samt til pasta, barnemat vaflar og kaker. Byggmjøl har i alle år blitt brukt til potetball/raspeball, og vi har fått tilbakemeldingar frå både storprodusentar og privatkundar at steinmalt byggmjøl i potetballen gir mjukare ball (vakuumpakka), betre smak og konsistens, og er betre for magen. Volda El. Mylne mel byggmjølet på gamlemåten, på stor steinkvern, etter same prinsipp som dei gamle gardskvernene har male på i fleire hundre år. Før maling vert byggkornet reinsa, men ingenting av skalfraksjonen vert fjerna. Byggmjølet vårt inneheld difor 100 % av bestanddelane i kornet, så mjølet kan med rette betegnast som sammalt. Volda El. Mylne kjøper bygg frå dei områda i landet som til ei kvar tid har dei beste råvarene. Det at vi mel på gamaldagse steinkverner, gjer at mjølet kjem lite i kontakt med metall. Byggmjølet inneheld med andre ord berre naturlege mineral, som mangan, magnesium, jern, fosfor og sink. Mange meiner i tillegg at den gamaldagse maleprosessen gir spesielt gode bakeeigenskapar. Steinmalt byggmjøl utnyttar, i motsetning til alle andre byggprodukt, heile byggkornet. Alle andre byggprodukt er i hovudsak basert på ”bygg-gryn” , avskala bygg, dvs. maling/valsing av byggkjernen, margen. Dette er årsaka til at vi kan hevde at byggmjøl frå Volda El. Mylne inneheld meir antioksidantar enn andre byggprodukt. Forsking utført av kornforskar Ann Katrin Holtekjølen ved Nofima Mat konkluderer med at dersom kun 10-20% av byggskalet vert fjerna (PS – det er vanleg å fjerne meir enn 20% av byggskalet) forsvinn 50-80% av den totale mengda av antioksidantar. Volda El. Mylne har Debio-godkjenning, IK-Matsystem (inkl. HACCP) og er godkjend som matmjølprodusent av Mattilsynet. Oppbevaring: Tørt og kjølig, skild frå varer med sterk lukt. Mjølet kan frysast.

Næringsinnhold per 100g

Karbo
52.1g
Fett
2.4g
Protein
14.4g
Sum
282kcal

Hva gjør allematpriser?

Vi samler inn priser på dagligvarer i Norge. Vi går automatisk gjennom nettbutikker og samler tilbud slik at det blir enkelt å sammenligne priser og utvalg.

Hvis du ønsker å bidra eller har spørsmål kan du ta kontakt på hei@allematpriser.no.

Personvern