Eldhusrøyky pinnakjøt med smaken av vestnorsk natur. Klassisk pinnakjøt slik vossingane har laga det i generasjonar. Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen. Røykt i eldhus med flis frå lokale treslag. Blanding av tørr og våt flis gjer at det berre ulmar og ikkje brenn. Kombinert med naturleg modning, gir det ein umiskjenneleg smak av vestnorsk natur. Legg i vatn i 6-8 timar, damp på rist – helst av bjørkepinnar utan bark – til kjøtet losnar frå beina. Pass på så det ikkje kokar tørt – og bruk gjerne sjyen som saus!