Personar med glutenintoleranse har siste åra vore stadig aukande. Potetball og torsdag blir på vore kantar kalla "ball-dag" og er for mange eit favorittmåltid. Glutenfri potetball var ikkje å oppdrive som ferskvare i dagligvarebutikkane i vårt marked, og dette gav oss inspirasjon. Tanken om å få til nydeleg glutenfri potetball slik også personar med intoleranse med enkelheit kan nyte dette tradisjonsrike måltidet, var spennande. Prosessen frå første testing til lansering var lærerik. For oss var det særs viktig at den glutenfrie potetballen skulle vere så nærme "originalen" som mulig. Rask tilberdning, med smak av heimelaga kvalitet! Då vi hadde blindtest av glutenfri og vanlig potetball og testpanelet ikkje ante kva som var kva, skjønte vi at vi hadde lukkast!